Bård Hoksrud møtte Fjell Norge i Berlin

24 ulike verksemder frå fjellområda er på ei av verdast største mat- og landbruksmesser: Internationale Grüne Woche for å marknadsføre mat og opplevingar i fjellområda.

http://twitter.com/buskerudfoldfylke https://www.facebook.com/buskerudfylkeskommune http://plus.google.com

-         Dette er ein god arena for fjellområda til å vise fram det me har å by på. Det får me til på grunn av eit godt samarbeidet på tvers av dalføre og fylkesgrenser, seier Kari Randen, dagleg leiar i Fjellnettverket.  

Messa foregår i tidsrommet 18. – 28. januar og det er om lag 450 000 som vitjar messa kvart år. Landbruks- og matminister Bård Hoksrud opna messa og tok seg god tid til ein prat med dei som deltek frå Fjell Norge.

Felles løft

-         Arbeidet med messa er eit samarbeid, der mange ulike aktørar bidreg med både midlar og arbeidsinnsats. Det er så kjekt å oppleve at produsentar, dei som driv med opplevingar og reiseliv, tilsette i fylkeskommunane og fylkesmenn jobbar saman for at me skal vise oss fram frå vår beste side, seier Kari Randen.

Arbeidet med Internationale Grüne Woche er eit samarbeidsprosjekt mellom Fjellnettverket, Buskerud fylkeskommune, Telemark fylkeskommune, Hedmark fylkeskommune, Oppland fylkeskommune, Aust Agder fylkeskommune, Fylkesmannen i Agder, Fylkesmannen i Innlandet, Fylkesmannnen i Vestfold og Telemark, Fylkesmannen i Oslo og Viken og Innovasjon Norge.


Publisert 22. januar 2019, oppdatert 22. januar 2019.