Fjellnettverket vil behalde domstolane

Regjeringa ynskjer å endre organiseringa av domstolane. Fjellnettverket meiner dagens struktur sikrar at domstolane er tilgjengelege for innbyggarane. Domstolane bør vere nært der folk bur. Det sikrar legitimitet til rettssystemet.

Lengre reiseveg for folk i distrikta

-          Fjellnettverket meiner det er heilt avgjerande at det ikkje er stor avstand mellom innbyggarane og den dømmande styringsmakt. Forslaga vil føre til lengre avstandar, høgare reisekostnader og meir tidsbruk for både innbyggarane og næringsliv. Domstolane skal vere tilgjengeleg for publikum over heile landet. Både verksemder og personar skal kunne få avgjort tvistar utan store hindringar, sier Kari Randen, dagleg leiar i Fjellnettverket. 

Forslaget frå domstolskommisjonen om å legge ned rettsstader, vil i praksis seie at publikum får lengre reiseveg og det er ei hindring som får større konsekvensar i distrikta enn i sentrale strøk. 

Strukturendringar tek tid og ressursar

Det har kome to ulike forslag til endringar: eit frå domstolskommisjonen og eit alternativt forslag frå departementet. Begge forslaga legg opp til å sentralisere domstolane og endre strukturen. Strukturendringar tek både tid og ressursar og bør berre gjennomførast dersom det er heilt nødvendig. Der er det ikkje er i denne saka, meiner styret i Fjellnettverket. 

Konsekvensar for fjellområda

Lokale rettsstader er i våre område ein viktig arbeidsplass, særleg sidan dette er stillingar som krev høgare utdanning. Mange stader er det etablert lokale advokatkontor i nærleiken av rettsstadane. Fjellnettverket er uroa for at forslaget, dersom det blir gjennomført, vil føre til nedlegging ikkje berre av rettsstadene med òg av lokale advokatkontor. Konsekvensen er negative ringverknader i distrikt der ein treng fleire arbeidsplassar som krev høg utdanning.

Jordskifteretten viktig for næringsutvikling

Jordskifteretten som spesialdomstol handsamar saker som knytt til eigedommar og areal. I desse sakene er det viktig at ein kjenner lokale tilhøva og at det er kort veg til synfaring på eigedommane. Nedlegging og sentralisering av desse domstolane vil føre til lengre reiseveg, ikkje berre for dei som har saker for retten, men òg for sakyndige og dommarar. Det er heilt avgjerande både for innbyggarar og næringsliv i fjellet å få avgjort slike saker raskt og effektivt. Det sikrar næringsutvikling og god bruk av areala i fjellet, meiner styret i Fjellnettverket.

Les høyringssvaret frå Fjellnettverket 


 

 


Publisert 2. juni 2020, oppdatert 2. juni 2020.