Hent born frå Moria- leiren no!

Fjellområda har plass og ynskje om å stille opp for menneske i stor naud.

Situasjonen for borna i Moria-leiren på Lesvos har lenge vore uhaldbar og med brannen har dette utvikla seg til ei humanitær katastrofe. Over 7500 born var i leiren og dei går no ei enno meir usikker framtid i møte.

Styret i Fjellnettverket meiner Noreg bør ta i mot minst 500 barnefamiliar og einslege mindreårige frå Moria-leiren. Fjellnettverket er eit politisk nettverk som arbeider for levande og livskraftige fjellbygder, og me har plass til fleire!

I våre område er det forventa ein nedgang i folketal og me har lang erfaring i å ta godt i mot folk frå ulike plassar i verda. Fjellbygdene treng og ynskjer seg både fleire innbyggarar og arbeidskraft. Mange av kommunane i fjellområda har både høg kompetanse og god erfaring med integreringsarbeid, der folk som kjem blir godt ivareteke får arbeid og blir ein del av lokalsamfunnet.

Regjeringa Solberg har vedteke å ta i mot 50 asylsøkarar frå Moria-leiren. Styret i Fjellnettverket meiner dette er for få og at Noreg må gå føre og evakuere born og mindreårige frå Moria-leiren.

Dette hastar og det er grunn til å handle raskt. Fjellområda har plass og ynskje om å stille opp for menneske i stor naud.

Styret i Fjellnettverket


Publisert 25. september 2020, oppdatert 25. september 2020.