Høringssvar klimakur 2030

Korleis kan me fram mot 2030 redusere utsleppa i ikkje-kvotepliktig sektor? I rapporten Klimakur 2030 er satt opp over 60 ulike tiltak. Nokre av tiltaka får store konsekvensar for fjellområda og Fjellnettverket har sendt inn høyringssvar.

Mandatet for Klimakur 2030 har vore å utreie kva for tiltak som kutte ikkje-kvotepliktige utslepp med 50 prosent innan 2030. I tillegg til å vurdere barrierar og mogelege verkemiddel som kan utløyse tiltaka.

Klimakur 2030 tek for seg ikkje-kvotepliktig sektor og er ei kartlegging av ulike tiltak innanfor jordbruk, sjøfart, fiske og havbruk, industri, vegtransport m.m.

I rapporten er det 60 ulike tiltak for å redusere klimautsleppa. Det blir understreka at dette ikkje er tilrådingar, men ei kartlegging

Høyringssvar Klimakur 2030 frå Fjellnettverket

Fjellnettverket er eit politisk nettverk for kommunar, regionråd og fylkeskommunar i Sør-Noreg. Vi arbeider for å sette viktige tema for fjellområda på dagsorden og for å skape livskraftige bygder. På vegner av medlemmene har Fjellnettverket følgjande kommentarar til Klimakur 2030.

Klimaendringane er ei av dei største utfordringane me som samfunn står overfor. Fjellnettverket synest det er positivt at Klimakur 2030 er lagt fram. Vi støttar målsetjinga om å redusere ikkje-kvotepliktige utslepp med minst 50 prosent innan 2030, og vi vil arbeide for at våre medlemmer oppfyller vår del av klimadugnaden.

Mandatet til utvalet har vore å foreslå enkelttiltak som kan redusere utslepp i perioden 2021-30. Ettersom Klimakur 2030 tek utgangspunkt i dei internasjonale forpliktingane Noreg har for å redusere klimagassutslepp i ikkje-kvotepliktig sektor, er rapporten ikkje tilstrekkeleg som kunnskapsgrunnlag for den omstillinga samfunnet må gjennom. Fjellnettverket ynskjer å påpeike at klimautfordringane og arbeidet med eit berekraftig samfunn må ha eit globalt perspektiv og at det er heilt naudsynt å ha eit breitt perspektiv i tilnærminga.

Fjellnettverket etterlyser samanhengen mellom klimatiltaka og berekraftsmåla til FN. Skal me lukkast i å skape eit meir berekraftig samfunn, må klima og CO2-utslepp sjåast i samanheng med andre utfordringar samfunnet står overfor. Blant berekraftsmåla til FN for 2015-30  er å utrydde ekstrem fattigdom og svolt,  betre mattryggleik, betre ernæring og å fremje berekraftig landbruk. Samtidig skal me, i følgje mål nr.13, handle for å stoppe klimaendringane. Tiltak for å redusere klimautslepp, bør difor sjåast i samanheng med dei andre berekraftsmåla og ha ei brei tilnærming.

Innspel til spesifikke tiltak i rapporten:

1. Jordbruk

I Klimakur 2030 er det innanfor jordbrukssektoren foreslått seks ulike tiltak. Det forslaget som er berekna til å ha størst effekt, er endring i kosthald frå raudt kjøt til plantebasert kosthald og fisk. Fjellnettverket ser at kjøtforbruket i Noreg har auka og meiner det er fornuftig å gå inn for ei viss omlegging av kosthaldet og redusere kjøtforbruket noko, men i mykje mindre grad enn forslag til tiltak som er presentert. Det er fleire grunnar til dette:

Ved å gjennomføre eit slikt tiltak reduserer ein samstundes  bidraget frå Noreg til å oppfylle bærekraftsmålet om å redusere svolt. I følgje FN sitt klimapanel (IPCC) trugar klimaendringane allereie matproduksjonen i verda, og behovet for mat kjem til å auke framover. Dei bereknar at matproduksjonen må auke med 14 prosent per tiår for å møte den auka etterspørselen etter mat. For Noreg, med dei spesielle vekstforholda me har her til lands, tydar det på at me bør auke og ikkje redusere matproduksjonen. 

Det avgjerande når det gjeld naturforvaltning, er netto utsleppsreduksjon, altså forholdet mellom utslepp og binding av karbon. Det er knytt stor usikkerheit til korleis ein reknar på klimaeffekt i landbruket. Noreg har store utmarks- og beiteområde. Aller mest gjeld det dei kommunane som er med i Fjellnettverket. Forsking viser at rett beiting i utmark bind meir karbon i jorda, men det er vanskeleg å kome fram til eksakte data for binding av karbon i jord og skog. Det same gjeld albedoeffekten, der forsking så langt tyder på ein viktig avkjølande effekt. Føresetnaden for albedoeffekten er at drøvtyggarar held vegetasjonen nede. Konsekvensen av reduksjon i talet på beitedyr for den samla klimaeffekten er usikker. Det er naudsynt med meir forsking, og utfordringa med talfesting må ikkje stå i vegen for at spørsmålet blir vurdert så godt råd er. Fjellnettverket meiner derfor det er nødvendig med ei styrking av forsking på klima og utmark før slike drastiske tiltak blir sett i verk.

Rapporten tek utgangspunkt i at metan frå drøvtyggarar kan reknast om til CO2-ekvivalentar og at det verkar på same måte som CO2, men sterkare. Halveringstid for metan er 12 år, og reknemåten som er lagt til grunn for tiltak i Klimakur 2030 er svært omdiskutert. Metanutsleppa i landbruket er redusert dei siste tiåra, og Fjellnettverket er svært uroa over at ein på bakgrunn av denne berekninga set inn tiltak som har mindre og meir kortsiktig effekt på klimautsleppa enn det som kjem fram i rapporten.

Endringane i klima påverkar oss. Dei som i størst grad merkar endringane er dei som lever av naturen og produserer mat. Endringar i vindforhold, temperatur og store nedbørsmengder m.m. påverkar mogelegheitene til å hauste av naturen. Likeins vil ei omlegging frå grovfôrbasert husdyrhald til større grad av planteproduksjon gjere matproduksjonen og avlingane meir usikre og avhengige av klima. Planteproduksjon er meir avhengig av eit optimalt klima enn produksjon av grovfôr og bruk av utmarksbeite. Jordbruket i fjellområda er kjenneteikna av små og mellomstore bruk, stor grad av utmarksbeite og stor variasjon. Sett opp mot til dømes grønsaksproduksjon i låglandet, er fjelljordbruket klimarobust. Ifølgje FN sitt klimapanel må førebu oss på større klimaendringar framover og framtidas jordbruk bør ta høgde for dette. 

Gjennom bruk av utmark for beiting utnyttar ein ressursar som elles ikkje ville kunne nyttast til matproduksjon. Drøvtyggarar held ved like det biologiske mangfaldet. Attgroing og redusert beite påverkar allereie i dag artsmangfaldet. Konsekvensen av reduksjon i talet på beitedyr for det biologiske mangfaldet er ikkje kartlagt.

For å få til endringar i jordbruket, må det leggast til rette for gode og føreseielege økonomiske ordningar for gardbrukaren. Skal fjelljordbruket, med små og mellomstore gardsbruk, tole endringane, er det naudsynt med god økonomi og gode vilkår. Det er ei god investering: Det gir større mogelegheit for gjennomføring av klimatiltak i jordbruket, det held oppe busetnad og infrastruktur i distrikta og vil kunne auke sjølvforsyningsgraden i framtida.

I Klimakur 2030 har ein teke utgangspunkt i at sjølvforsyninga skal auke til ein viss grad. Fjellnettverket meiner dette er positivt, men at Noreg bør ha som mål å vere 100 prosent sjølvforsynt med kjøt, og i større gradsjølvforsynt med grønsaker og korn enn i dag. Eit sterkare importvern er

heilt naudsynt, slik at ikkje norske bønder reduserer sin produksjon utan at det blir spegla av ein nedgang i forbruket. Den globale epidemien Covid 19 har vist oss at det er matleveransar er usikre, noko som gjer samfunnet vårt meir sårbart. 

I rapporten er det kalkulert ein stor nedgang i talet på årsverk knytt til husdyrproduksjon, og ein auke i planteproduksjonen. Det er likevel ikkje gjort ei balansering av tala ut frå at det i husdyrproduksjonen er heilårsarbeid, medan produksjon av planter er sesongarbeid. Dette vil seia at det vil komme langt færre (heilårs) arbeidsplassar i planteproduksjonane enn det som blir tapt i husdyrhaldet. Det er også slik at det til sesongarbeid i planteproduksjonen i svært stor grad blir brukt utanlandsk arbeidskraft. Dette gjer produksjonen sårbar, noko situasjonen i 2020 viser tydeleg.

Landbruket sjølv har, gjennom avtalen med regjeringa og i «Landbrukets klimaplan», lagt opp til at det skal vere mogeleg å kutte klimautsleppa og samstundes ha små- og storfeproduksjon med fagmiljø i distrikta. Fjellnettverket meiner «Klimaplan 2021-2030» frå landbruket bør ligge til grunn for arbeidet med å redusere klimagassutslepp frå jordbruket.

Fjellnettverket er svært uroa for konsekvensen av tiltaka i jordbruket som er foreslått i Klimakur 2030. Ein truleg konsekvens er reduksjon i sysselsettinga på 5000 og ein million jordbruksdekar  ut av drift. I dei 77 fjellkommunane og 38 tilliggjande fjellkommunane har landbruket ein nøkkelfunksjon. Dersom kjøtforbruket skal bli redusert i så stor grad som Klimakur 2030 foreslår, så må produksjon av kjøt og andre husdyrprodukt vere i område som ikkje er eigna for annan planteproduksjon enn gras, og der produksjonen i stor grad er basert på utmarksbeite. Fjelljordbruket er viktig for matproduksjonen, sysselsetting og infrastruktur. Jordbruket held ved like kulturlandskap og kulturarv, som òg er ein heilt sentral føresetnad for reiselivet i fjellet.

2. Elektrifisering av transport

Ei rekke av tiltaka i Klimakur 2030 inneber elektrifisering av transport. Til dømes skal 100 prosent av salet av nye personbilar i 2030 vere elektriske. Salet av elbilar i dag viser tydelege skilnader mellom tettbygde og sprettbygde strøk. Det er større del elbilar i byane og bynære område, enn i distrikta.

Kapasiteten på straumnettet er lågare i distrikta og mogelegheitene til hurtiglading er færre. I Klimakur 2030 blir dette omtala som ei barriere for tiltaket, og Fjellnettverket meiner dette er ei stor utfordring for våre område, der bil er det mest brukte framkomstmiddelet. Dersom tiltaka skal lukkast, er det heilt naudsynt med investeringar i ladestruktur over heile landet og at det blir sett av verkemiddel som gjer at hurtiglading blir god i område der det er mindre trafikkgrunnlag.

3. Rolla til fylkeskommunane og kommunane

Kommunane og fylkeskommunane har ei nøkkelrolle og kan vere med å fremje eller hemme ulike tiltak. Fjellnettverket, som representerer fjellkommunar og fylke med store fjellområde, etterlyser større grad av differensiering mellom aktuelle klimatiltak i storbyar og sprettbygde strøk. Rapporten manglar eit distriktsperspektiv og tar ikkje for seg korleis ein skal kunne få gode klimatiltak i distrikts-Noreg. 

Det er store skilnader på kommunar i Noreg. Fjellkommunane har andre føresetnader og utfordringar for å setje i verk effektive klimatiltak enn storbyane. Tiltak som byvekstavtalar, fokus på kollektivtrafikk, sykling og parkering er tiltak som i svært liten grad vil ha effekt og påverke klimautsleppa i store delar av Noreg. 

Dei ambisiøse klimatiltaka, som byvekstavtalane, er retta inn mot storbyane. Fjellnettverket meiner at for å nå måla om utsleppsreduksjon, må det arbeidast konkret med lokale og nasjonale tiltak i distrikts-Noreg, slik at heile landet kan bidra i klimadugnaden.


Publisert 29. april 2020, oppdatert 29. april 2020.