Olav Røssum frå Innlandet ny leiar i Fjellnettverket

Rådsmøtet i Fjellnettverket har vald nytt styre, og gudbrandsdølen Olav Røssum skal leie styret i dei to kommande åra.

Det nye styret i Fjellnettverket er satt saman av representantar frå medlemmene i Fjellnettverket. Styret blir vald for fire år.

Styret i Fjellnettverket 2020-2024:

  • Terje Riis-Johansen (Sp), Vestfold og Telemark fylkeskommune
  • Olav Røssum (Sp), Innlandet fylkeskommune 
  • Marit Bjerkås (Ap), Trøndelag fylkeskommune
  • Solveig Vestenfor (Ap), Hallingdal regionråd
  • Odd Erik Holden (Sp), Valdres Natur og kulturpark
  • Inger Lise Lund Stulien (Ap), Setesdal regionrråd
  • Christian Elgaaen (Sv), Røros kommune
  • Viken fylkeskommune har ein plass i styret, denne representanten er ikkje vald enno. 

Interessante og utfordrande tal i Fjellindeksen

Knut Vareide frå Telemarksforsking presenterte Fjellindeksen på Rådsmøtet. Denne har nå vorte digital og interaktiv, slik at ein kan sjå utviklinga i arbeidsmarknad og folketal for alle fjellkommunar på nettstaden regionalanalyse.no.

Fjellkommunane har samla sett ei dårlegare utvikling i talet på arbeidsplassar enn landet sett under eitt, og folketalsutviklinga dei siste to åra er skremmande for mange fjellbygder. Vareide hevda at prognosane frå Statistisk Sentralbyrå er for optimistiske, og at nedgangen i folketalet i fjell- og andre distriktskommunar vil bli stor nå som innvandringa har gått ned.

Mange innspel

Avtroppande styremedlem Arnfinn Nergård presenterte handlingsplanen for Rådsmøtet. Handlingsplanen for Fjellnettverket dei to neste åra vart diskutert, med mange innspel frå møtedeltakarane. Medlemmane vil at Fjellnettverket skal engasjere seg i fleire saker som er viktige for fjellområda, frå fjellandbruk til dekninga for både mobiltelefon og breiband.

Det vart også sagt tydeleg at det prioritering er nødvendig, slik at sekretariatet og det nye styret får klare signal om kva dei skal arbeide mest med framover.


Publisert 3. mars 2020, oppdatert 3. mars 2020.