Rådsmøte i Fjellnettverket

Fjellnettverket inviterer til rådsmøte 25. februar i Oslo. I desse dagar er det val i mange regionråd, fylkesting og kommunar til ulike verv og medlemmene i Fjellnettverket skal velje sine representantar til rådsmøtet.

Rådsmøtet er det øvste organet i Fjellnettverket. I tillegg til å handsame årsmelding og aktivitetar frå 2019, er det på dette møtet ein vedtek haldingsplan og retning for vidare arbeid. 

Alle medlemmene skal velja representantar til å møte i rådet i Fjellnettverket. Fylkeskommunar og regionråd/kommuneregionar har to plassar kvar, kommunar har ein plass. Det skal òg veljast vararepresentantar.

Rådsmøtet i Fjellnettverket blir 25. februar. kl.10.00 på Bjørvika Konferansesenter 

Nytt styre

På rådsmøte i februar skal det veljast nytt styre og styreleiar for fire år. Styreplassane i Fjellnettverket fordeler seg mellom dei ulike medlemmene slik: 

  • Fylkeskommunar har ein styreplass kvar
  • Regionråd har to styreplassar 
  • Kommunar har to styreplassar

Alle medlemmene kan nominere kandidatar til styret og det valkomiteen som legg fram eit forslag til rådsmøtet.

Vil du melde deg på rådsmøte kontakt dagleg leiar Kari Randen, e-post: kar...@viken.no


Publisert 6. desember 2019, oppdatert 13. februar 2020.