Meir lokal og norsk mat i fylkeskommunane

Fylkeskommunane bør bruke norsk og lokalprodusert mat, meiner Fjellnettverket. Fjellnettverket oppfordrar fylkeskommunane om å kjøpe meir lokalprodusert og norskprodusert mat på skuler, kantiner og på arrangement i fylkeskommunal regi.

Ynskjer meir lokal og norsk mat i fylkeskommunane

Fylkeskommunane bør bruke meir norsk og lokalprodusert mat, meiner Fjellnettverket. Fjellnettverket oppfordrar no alle fylkeskommunane om å auke innkjøp av lokalprodusert og norskprodusert mat på skuler, kantiner og mår det er arrangement i fylkeskommunal regi

-          Her kan fylkeskommunane spele ei viktig rolle. Fylka gjer ein viktig jobb gjennom å utvikle og støtte prosjekt og er ein sentral utviklingsaktør, men dei kan òg bidra i praktisk handling: Gjennom innkjøp av mat produsert i eigne fylke. Det er berekraftig og god næringspolitikk, seier Kari Randen, dagleg leiar i Fjellnettverket.

Plass til små produsentar
Endringane i fylkesstrukturen gjer at fleire av dei nye fylkeskommunane er gang med nye innkjøpsavtalar. Med nye større fylke, er det meir utfordrande å nå gjennom nålauga for lokale produsentar. Fjellnettverket oppfordrar fylkeskommunane til å finne løysingar slik at dei lokale produsentane kan levere varer.

Ber om politisk behandling
Fjellnettverket meiner fylkeskommunane gjennom sine innkjøp, kan vere med å styrke næringa og auke omsetninga og ynskjer krav om lokal- og norskprodusert mat i fylkeskommunane. Fjellnettverket har sendt brev til fylka som er eller har medlemmer i Fjellnettverket og understreka at gjennom innkjøpsstrategiar og i utlysing av anbod, kan fylka støtte og utvikle landbruket.

Bruk av norske og lokale ressursar og produksjon av lokal mat og drikke er et bidrag for at Noreg skal nå berekraftsmåla til FN om mellom anna mattryggleik og utrydding av svolt og ivaretaking av biologisk mangfald, heiter det i brevet til fylkeskommunane.

Breva til kvar fylkeskommune finn du her: Høyringar og innspel


Publisert 19. juni 2020, oppdatert 19. juni 2020.